– Eigentleg er ikkje heisen i så dårleg stand, men på grunn av alderen kjem det fleire lovpålagde krav om oppgradering, i tillegg til andre nødvendige tiltak, opplyser Fredrik Tønjum, dagleg leiar i Eikedalen skisenter AS.
– Til og med konstruksjonen på seta må endrast. Hellinga er feil i høve til standarden i dag, legg han til.
Tønjum fortel at når heisanlegg er omkring 30 år, kan det ofte verta slitasje/ utmatting i stålet, og då må delane bytast ut.
– Det er litt vanskeleg å få tak i nye delar når anlegget er så gamalt. Det vert også svært dyrt med alt som må skiftast. Difor har me bestemt at me skal riva heisen, opplyser han.
La planar
Allereie for tre år sidan byrja leiinga i selskapet å snakka om kva dei skulle gjera med stolheisen. Dei siste to åra har han vore ute av drift. I vinter kom det opp ein ny tallerkenheis som går opp omtrent like høgt som stolheisen gjorde.
– Planen var å avgjera skjebnen til stolheisen etter at den nye var på plass, slik at me hadde eit alternativ før arbeidet med å restaurera eller riva starta opp. Viss me skulle ha restaurert stolheisen, ville det teke minst to sesongar og ført til tap av inntekt i skianlegget. Det ville også kravd store personellressursar, seier Fredrik Tønjum.
Han reknar med at heile prosessen med å restaurera ville kome opp i 15 millionar kroner.
– Og skulle me fått ein heilt ny stolheis, ville det ha kosta 80-100 millionar, så det var uaktuelt. Det kostar litt å riva heisanlegget også, men eg reknar med at det kan gjerast for rundt éin million kroner.
Gjenbruk
Rivinga av stolheisen vert utført med eigne og innleigde maskiner.
– Me skal verken gjera inngrep i naturen, bruka sprengstoff eller helikopter. Når arbeidet er ferdig utført, skal det ikkje vera mogeleg å sjå spor etter heisen i terrenget, fortel Fredrik Tønjum.
Selskapet H2 Miljø AS vil ta seg av alle tekniske installasjonar. Det meste vil gå til gjenbruk.
– Så og seia 100% er stål, noko som er eit attraktivt materiale, kommenterer den daglege leiaren.
Arbeidet startar i desse dagar, og vil ta mellom fire og seks veker å få gjort.
Strenge reglar
– Me synest det er svært viktig å ha fokus på sikkerheit. Noreg har adoptert mange av reglane frå Austerrike. Dei har det strengaste regelverket i heile verda, seier Fredrik Tønjum.
– Men det blir innimellom mykje dokumentasjon som må førast. Me må dokumentera og registrera heile tida. Alt av utstyr må vera godkjent og CE-merka til minste detalj. Dette gjer det også dyrare, kommenterer han.
– Skal me bruka delar som ikkje kjem frå heisleverandøren, må desse først vera sertifiserte
av eit teknisk kontrollorgan. Men sidan sikkerheit har førsteprioritet, er vi godt i gang med å oppgradera dei andre heisane også, så det vert bra.
Viljesterk
Fredrik Tønjum er optimist av natur.
– Ein må ha tru på det ein held på med. Det meste er mogeleg å få til, berre viljen er der, meiner han.
Skisenteret hadde ein god sesong i vinter, sjølv om dei mangla stolheisen og hadde stengt nesten heile januar. Mellom 55.000 og 60.000 gjestar var innom.
– Me såg at me fekk spreidd folk litt betre utover i anlegget med den nye tallerkenheisen, og dermed vart det også mindre kø. Draumen er å byggja endå ein heis, slik at fjellfolket lettare kan koma til toppen.
– Men me må setja «tæring etter næring», så det er usikkert kva tid ein ny skiheis vert bygd.