Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune vedtok 20. september å støtta Statens vegvesen sitt framlegg om utviding av Nasjonale turistvegar i Hardanger, samt å vurdera utviding av området til Fossen bratte.
Styrkja reiselivet
Hardanger blir ofte omtalt som eit einaste stort postkort, der reisande kan sjå fjell og fjord, fossar og fenner som perler på ei snor. No blir også fv. 550 Utne-Odda Nasjonal turistveg, i lag med rv. 13 frå Kinsarvik til Granvin og Skjervsfossen ved Seim, til totalt 241 km. i Nasjonal turistveg Hardanger.
– Dei aktuelle strekningane har gode kvalitetar for opplevingar, her kan ein køyra rett gjennom blømande frukthagar. Statusen som Nasjonal turistveg kan bidra til å styrkja reiselivsnæringa i Hardanger, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Samanhengen i turistvegnettet blir no betre og lettare å forstå for turistane. Nye tiltak som skilting, informasjonstavler og eventuelle turistvegmøblar på gode stoppestadar blir kosta av Nasjonale turistvegar som ei statleg ordning.
Fylkeskommunen har ansvar for dagleg drift og vedlikehald av fylkesvegane, og må ta omsyn til statusen som Nasjonal turistveg i nye vegtiltak.
Vil ha med Fossen bratte
Fylkeskommunen vil også at strekninga Steindalsfossen – Fossen bratte på Fv 49 skal vera med som nasjonal turistveg. Fossen i Samnanger kommune blir kalla Brudesløret, og har 79 meter fritt fall rett ved fylkesvegen.
Området er også interessant historisk sett. Det var harde kampar her i inngangen til andre verdskrig i april 1940. Ein moglegheitsstudie gjort av Samnanger kommune seier at området har eit stort potensial som attraktivt turistmål.
Fylkesutvalet ber Nasjonale turistvegar vurdera å inkludera strekninga til Fossen bratte i Nasjonal turistveg Hardanger.