LEGEMANGEL: Samnanger kommune slit med å få tak i legevikarar. Greier dei ikkje å skaffa hjelp innan kort tid, kan over halvparten av pasientane ved helsetunet mangla fastlege.
LEGEMANGEL: Samnanger kommune slit med å få tak i legevikarar. Greier dei ikkje å skaffa hjelp innan kort tid, kan over halvparten av pasientane ved helsetunet mangla fastlege. FOTO: Illustrasjonsfoto

Over 1300 kan verta utan fastlege

Per i dag står 825 av pasientane ved helsetunet i Samnanger utan lege. Seinare i haust kan 500 til missa legetilbodet sitt.

– Me har ingen kjekk situasjon, og gjer alt me kan for å finna ei løysing, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Edith Oma.

Frå 1. august
Fastlegekrisa rammar no Samnanger med full tyngde. Årsaka er at to av fire legar skal ha permisjon. Kommunen har søkt etter legevikarar i lang tid, men ikkje fått napp.

Jakob Norup gjekk ut i eitt års permisjon frå 1. august. Han er fastlege for 825 pasientar ved helsetunet på Haga. Norup har òg ei 40% stilling som lege på Samnangerheimen.

I tillegg går Kristine Gangdal ut i ny permisjon i haust. Ho har 50 prosent stilling som fastlege. På pasientlista hennar står det 500 namn. Også ho arbeider noko på sjukeheimen.

Er i forhandlingar
– Me har ein lege som hjelper oss i periodar. Eg håpar at noko kan dekkast opp av han. I tillegg er me i forhandlingar med dei andre legane på helsetunet for å få dei til å hjelpa til ekstra det komande året, opplyser Edith Oma.

Elles er kommunen i dialog med rekrutteringstenesta til legeforeininga. Dei har ikkje klart å finna nokon vikar enno, men ser på ulike alternativ.

JOBBAR PÅ SPRENG: – Me gjer alt me kan for å finna ei løysing, men det er mange kommunar som no manglar legar, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Edith Oma. FOTO: Arkiv

– Kontakt legevakta
Det mest kritiske er å få på plass er ei fungerande legeordning på Samnangerheimen, slik at pasientane der har nødvendig tilsyn. Kommunalsjefen håpar å finna ei løysing på dette i løpet av kort tid.

– Kva skal samningar elles gjera for å få helsehjelp?

– Ved akutte behov må ein kontakta legevakta. På dagtid vil dette vera helsetunet. På kveld og helg er det Bjørnafjorden som skal yta assistanse. Elles må ein sjå om det er ledige plassar ved andre legekontor eller nytta private helsetilbod.

– Eldre og sjuke vil kanskje ikkje vera i stand til å leita opp slik hjelp?

– Nei, og denne gruppa vil verta prioritert så snart me får bemanna opp legetenesta vår. Personar som mottek heimesjukepleie står fremst i køen, forsikrar kommunalsjefen.

Nordsjøturnus
– Bjørnafjorden har klart å rekruttera tre nye legar til legevakta i Eikelandsosen. Kva er det dei gjer som ikkje Samnanger gjer?

– Dei har tilbydd legane nordsjøturnus. Det inneber at legane jobbar intensivt i to veker og har fri i tre eller fire veker. Rekrutteringsbransjen meiner at dette gjer stillingane meir attraktive, så det er ei ordning me vurderer å innføra her også, fortel Edith Oma.

Fulle pasientlister
Helsetunet i Samnanger har i overkant av to legeårsverk fordelt på fire privatpraktiserande legar som har avtale med kommunen. I alt har dei 2.425 pasientar. Alle pasientlistene er fulle, og 128 personar står på venteliste.

– At to legar no går ut i permisjon betyr ikkje at 1300 samningar misser fastlegen sin. For legane er sjølvstendig næringsdrivande og har også pasientar som bur andre stader – på same måte som ein del innbyggjarar i Samnanger har fastlege i Bergen eller andre kommunar, forklarar Edith Oma.