På onsdag suste små malingskuler hyppig gjennom lufta i skogen ved idrettsanlegget i Hagabotnane. Maskerte ungdomar utstyrt med paintball-gevær var delte inn i to lag, som prøvde å festa flest mogleg malingsflekkar på kroppane til kvarandre.
Samnanger friskliv- og frivilligsentral arrangerte paintball for dei mellom 13 og 20 år onsdag 3. august. Leon Fauskanger var ein av dei 32 personane som deltok.
– Det er gøy, men eg har vorte skoten ti gonger i bakhovudet og fleire gonger i beina. Det kjenner du godt, sa han.
INSTRUERER: Jan Georg Fjellbirkeland, som er dagleg leiar for Fana paintball og har 15-års erfaring som instruktør, gjev deltakarane opplæring i paintball. – Tryggleik er det aller viktigaste, seier han. FOTO: Mathias Reistad
– Eg synest det er kjekt å verta treft, skaut Frida Liøen inn. Ho var med på same arrangementet i fjor. For Håkon Matland Østerås var det første gongen han prøvde ut paintball.
– Å springa rundt og skyta på kvarandre er veldig kjekt, meinte han.
Arrangementet vart gjennomført i samarbeid med Fana paintball, som stilte med instruktør Jan Georg Fjellbirkeland.
SØKJER DEKNING: Det finst ulike variantar av paintball. Skogsspel er ein av dei, der deltakarane bruker den naturlege vegetasjonen i skogen som dekning. FOTO: Mathias Reistad
KAMP I SKOGEN: Ein frå det gule laget prøver å treffa nokon frå det oransje laget. Dei to laga kjempa mot kvarandre i rundar på 15 minuttar. Bana dei brukte er skogsområdet rett ved idrettsanlegget i Hagabotnane. FOTO: Mathias Reistad
MARKERER: Deltakarane vart delt inn i to lag, eitt med gule vestar og eitt med oransje vestar. Dei som vart trefte av ei malingskule måtte markera det med handa. FOTO: Mathias Reistad