HØG FART: Rundt 5.600 køyretøy passerer gjennom Hisdalen kvar dag. No krev dei som bur i området at fartsgrensa vert sett ned til 50 km/t.
HØG FART: Rundt 5.600 køyretøy passerer gjennom Hisdalen kvar dag. No krev dei som bur i området at fartsgrensa vert sett ned til 50 km/t. FOTO: Arkiv

– Det er frustrerande at ingenting vert gjort

– Kva er poenget med å laga ein trafikksikringsplan, når tiltaka ikkje vert gjennomførte, spør Ottar Haugen i Hisdalen.

I 80-sona over Hisdalsflaten dundrar trafikken forbi. Støyen er så kraftig at dei seks personane som er samla i busskuret har vanskar med å høyra kvarandre. Innbyggjarane har bede om tryggare skuleveg for borna i årevis, men ingenting skjer.

– Me vert oppfordra til å engasjera oss, og har kome med innspel til trafikksikringsplanen for Samnanger fleire gonger, men det hjelper ikkje. Det vert ikkje gjort noko for at me skal få ein betre kvardag, seier Ottar Haugen og legg til:

– Ingen av dei som bur her tør å senda dei minste borna til skulebussen utan følgje. Å kryssa 80-sona med den trafikkmengda me har på Hisdalsflaten, kan vera livsfarleg om du ikkje er merksam nok, meiner han.

ETTERLYSER TILTAK: Ottar Haugen meiner det er på høg tid at fylkeskommunen gjer kvardagen tryggare for born og vaksne i Hisdalen. No må 13 skuleelevar kryssa 80-sona for å koma seg til eller frå bussen. FOTO: Hallvard Tysse

Lågare fart
Fylkesveg 49 i Hisdalen har ingen gangfelt eller fysiske hindringar som får bilistane til å bremsa ned. Tvert om gjer den rette strekninga det freistande for mange å trø ekstra hardt på gasspedalen.

– Me har føreslege å byggja undergang her borte. Vegen kviler på lausmassar som det bør vera enkelt å grava seg gjennom, argumenterer Ottar Haugen.

Han legg til at det minste vegvesenet kan gjera er å setja farten ned til 50 eller 60 km/t.

– Å vurdera 70-sone er bortkasta. Det vil ha altfor liten effekt, meiner han.

Omkøyringsveg
I busskuret midt på Hisdalsflaten står m.a. ordføraren og ein representant frå fylkeskommunen. Dei er på staden for å sjå på tilhøva saman med bebuarar.

– Problemet for kommunen er at me må laga ein trafikksikringsplan som i stor grad handlar om ein veg me ikkje eig. Me har verken makt eller midlar til å gjennomføra tiltak på fylkesvegnettet, seier ordførar Knut Harald Frøland.

Han forstår frustrasjonen i Hisdalen og andre stader i Samnanger, og meiner at både lokalpolitikarane og innbyggjarane må gjera meir for å nå fram med krav og ønske overfor fylkeskommunen og Statens vegvesen.

– Sjølv tenkjer eg at me bør invitera samferdsleutvalet i fylket på synfaring, slik at dei får betre innblikk i situasjonen, seier ordføraren.
Han viser mellom anna til at fylkesveg 49 er omkøyringsveg når E16 mellom Bergen og Voss er stengt, og at trafikken då aukar kraftig.

– For oss er dét ei stor ulempe som også fylkeskommunen bør leggja vekt på, meiner Knut Harald Frøland.

Syklistar i 80-sona
Gjennomsnittleg døgntrafikk mellom Bjørkheim og avkøyrsla til Rolvsvåg vart i 2021 målt til 5.600 bilar. I tillegg er det mange syklistar som nyttar fylkesvegen, særleg mellom Gullbotn og Rolvsvåg-krysset. Her er det ikkje gang- og sykkelveg. Dét tvingar syklistane ut i 80-sona mellom personbilar, lastebilar og trailerar.

– Det er livsfarleg når dei syklar gjennom Hisdaltunellen. Der burde noko vore gjort, meiner ein annan av dei frammøtte, Magne Haugen.

Krev handling
Bebuarane har lågare fartsgrense høgt på prioriteringslista, men skulle gjerne hatt gangfelt eller fotgjengarundergang også.

– I tillegg til stor trafikk, høg fart, mange forbikøyringar og fleire busstopp er det ei rekkje avkøyrslar her. Dét bør telja med når tiltak skal vurderast. Hjortepåkøyrslar er også ein del av biletet, påpeikar Ottar Haugen, som håpar at den nye trafikksikringsplanen for Samnanger vert følgd opp med handling.

PÅ SYNFARING: F.v. senioringeniør Terje Vidar Hoel, ordførar Knut Harald Frøland og innbyggjarane Ottar og Magne Haugen møttest sist veke for å sjå på trafikksituasjonen i Hisdalen. Også ingeniør Ole-Martin Bruvik, som arbeider med trafikksikringsplanen for Samnanger, var til stades. FOTO: Hallvard Tysse

Fylket skal kartleggja trafikken gjennom Samnanger

 Fylkesvegen mellom Trengereid og Frøland skal under lupa i nær framtid. Mellom anna vil vegeigaren sjå på bruken av alle dei tolv busstoppa på strekninga.

– Me har plukka ut seks strekningar i Vestland som skal analyserast grundig. Alle har 80-soner, busstopp og stor trafikk. Den eine er Trengereid – Frøland, og me håpar å få gjort arbeidet i haust. Då skal me sjå kor mange som nyttar busstoppa, registrera fartsnivå, biltrafikk og sikt, opplyser senioringeniør Terje Vidar Hoel i Vestland fylkeskommune.

–Stor trafikk
Han har vore merksam på vegen i Hisdalen lenge, men ved å vera på staden og sjå situasjonen frå brukarane si side fekk han eit meir nyansert bilete av situasjonen.

– Det var stor trafikk under synfaringa sist veke, og svært mykje støy, så eg forstår at dette må vera utfordrande for dei som bur der, seier Hoel.

Han opplyser at fylkeskommunen vil vurdera den informasjonen dei får inn, og sjå om det bør gjennomførast tiltak.

– Når analysen er gjort, har me kanskje nokre alternativ me kan leggja fram. Og eg ser ikkje bort frå at me kan trekkja innbyggjarane med i vurderinga, seier senioringeniøren.

Nedsett fart?
Han forstår det også slik at det vil koma eit krav frå Samnanger kommune om nedsett fartsgrense.

– Det vil i så fall verta behandla på vanleg måte før me eventuelt sender ei tilråding til Statens vegvesen, forklarar Terje Vidar Hoel.

Han opplyser at det er 5.700 kilometer fylkesveg i Vestland, og mange ønskjer trafikksikringstiltak.

– Men det er avgrensa med midlar, så her må me prioritera, seier han.