ETTERLYSER TILTAK: Lena Tveit (Bl) meiner kommunen går glipp av inntekter når bubilturistane slepp å betala for seg.
ETTERLYSER TILTAK: Lena Tveit (Bl) meiner kommunen går glipp av inntekter når bubilturistane slepp å betala for seg. FOTO: Hallvard Tysse

Her campar bubil-turistane gratis

På Bjørkheim står bubilane tett i tett utan at brukarane betalar ei krone for opphaldet. Slik har det vore sidan parken vart teken i bruk i 2017. – Dette kunne vore ei god inntektskjelde for kommunen, meiner Lena Tveit frå Bygdalista.

I formannskapsmøtet sist torsdag spurde ho om kommunen har gjort noko for å få kontroll med bubilparkeringa i parkområdet.

– Eg synest det er fint av det kjem turistar hit, og meiner ikkje at me skal forby bubilane å stå på Bjørkheim, men kommunen kunne i alle fall ha teke betalt. Eg trur me går glipp av ein del pengar ved å fortsetja som no, seier Lena Tveit til Samningen.

Ho viser til at problemet har vore diskutert i fleire år utan at noko har skjedd.

– Eg kan ikkje forstå at det skal vera så vanskeleg å setja i verk tiltak. Det kan vel gjerast enkelt, som å bruka Vipps, QR-kode eller ein betalingsautomat, meiner ho.

På nettet
På fleire nettsider om bubilcamping vert Samnanger Park omtala som ein attraktiv og flott plass i sjøkanten. «Og det er overraskande nok framleis gratis å stå her», skriv ein brukar på Campercontact.com.

Han er ikkje åleine om å marknadsføra staden, noko som resulterer i at stadig fleire bubilturistar stoppar her for overnatting.

Tysdag morgon var det elleve bilar på kaiområdet, og enkelte dagar skal det ha vore endå fleire.

Ikkje tilrettlagt
Men trafikken er ikkje berre positiv for kommunen.

– Nyleg oppdaga mannskapa våre at nokon hadde tømt bubiltoalettet i eitt av bosspanna i parken. Det var utriveleg for driftsavdelinga som måtte rydda opp, fortel kommunalsjef for samfunnsutvikling, Hilde-Lill Våge.

Ho seier at kommunen har ei utfordring knytt til forsøpling.

– Det store omfanget av fricamping har vorte eit problem. Me har sett ut bosspann med komprimeringsfunksjon på Bjørkheim for at me skal kunna tømma sjeldnare, men i sommarsesongen må driftsavdelinga likevel innom dagleg for å henta avfall, opplyser Våge.

Ho fortel også at kommunen er varsla om at den omfattande campingaktiviteten gjer det mindre attraktivt for bebuarar å nytta parken og kaien.

– Me har fått ein del klager på dette. Også ungdomar som vil bruka friarealet er misnøgde med situasjonen. Enkelte skal ha opplevd å verta tilsnakka, fordi bubilturistane vil ha ro etter klokka 22, seier Hilde-Lill Våge.

Bør vera for alle
For at eit område skal fungera til bubilparkering bør det ha både tilgang på straum og vera utstyrt med tømmestasjon. Det prøver kommunen å finna ei løysing på i det pågåande arbeidet med revisjonen av områdereguleringsplanen for Bjørkheim.

­– Me vil at tilreisande skal føla seg velkomne, og arbeider med å finna eit alternativt areal for bubilturistane. Parken og kaiomådet høyrer til indrefileten i Samnanger, og bør vera tilgjengeleg for alle, både innbyggjarar og besøkjande, meiner kommunalsjefen.

Ho fortel at admininstrasjonen no diskuterer kva som kan gjerast både på kort og lang sikt.

– Er det aktuelt å setja i verk tiltak no i sommar?

– Ja, eg håpar me kan få på plass ei rask og mellombels ordning. Det kan til dømes vera å merka opp arealet på kaien for å avgrensa talet på bubilar – og å få på plass fleire og større bosspann. Me kan òg setja opp skilt med informasjon om kvar tømming skal skje og kvar det er forbode.

– I tillegg vil me sjå på om det finst betalingsløysingar som kan nyttast, men då må kommunestyret først regulera arealet til dette føremålet og vedta eit regelverk for bruk av plassen. Dette ligg nok litt lengre fram i tid. Vipps er det berre nordmenn som nyttar, så dét er neppe eit godt alternativ, meiner Hilde-Lill Våge.

Levande sentrum
Også ordførar Knut Harald Frøland håpar det kan la seg gjera å få orden på bubilsituasjonen på Bjørkheim.

– Me har vel aldri sett så mange turistar der som no. Ein dag talde eg 14 bilar. Då stod dei så tett at det nesten var umogeleg å koma fram, fortel han.

– Den store mengda med bubilar er noko av det første kommunen bør prøva å regulera, men eg håpar at me óg kan ta betalt for bubilparkeringa. Slik det er no, går me glipp av inntekter, meiner han.

Trass i auka trafikk understrekar ordføraren at det sjølvsagt også er positive sider ved at tilreisande besøkjer Samnanger.

– For Bjørkheim er det bra at folk brukar området. Det gjer at me får eit levande sentrum og fører truleg også til auka handel, seier Knut Harald Frøland.