STORHENDING: Arrangøren håpar at mange vil stilla opp og heia på deltakarane i Tour of Norway når dei passerer Samnanger. Første poengspurt skjer på Bjørkheim tysdag 24. mai ca. kl. 14.30.
STORHENDING: Arrangøren håpar at mange vil stilla opp og heia på deltakarane i Tour of Norway når dei passerer Samnanger. Første poengspurt skjer på Bjørkheim tysdag 24. mai ca. kl. 14.30. FOTO: Kjetil Birkedal Pedersen

Tour of Norway sender internasjonale toppsyklistar gjennom Samnanger

Tysdag 24. mai startar sykkelrittet Tour of Norway. Første etappe går frå Bergen, via Samnanger og Hardanger, til Voss. På startstreken står den norske sykkelstjerna Alexander Kristoff og ei rekkje internasjonale toppnamn.

Du har sikkert sett dei gule skilta langs fylkesvegen gjennom Samnanger, som varslar om at vegen vert stengt mellom kl. 13.30 og 15.00 komande tysdag. Årsaka er at arrangøren vil unngå farlege situasjonar når syklistane susar gjennom kommunen.

Og det er ikkje kven som helst som stiller på startstreken. Her finn me 2020-vinnaren av Giro d’Italia, Tao Geoghegan Hart, danske Kasper Asgreen, som vann Flandern Rundt i fjor, og tidlegare verdsmeister Mads Pedersen pluss fleire andre internasjonale stjerner. Mellom dei norske deltakarane er nemnde Alexander Kristoff og sykkelproffane Kristian Aasvold og August Jensen.

Seks etappar
I følgje Tour of Norway sine nettsider er første etappen 174 kilometer lang. Rittet startar i Bergen, går via Åsane og følgjer E16 til Trengereid før deltakarane svingar av på Fv 49 til Gullbotn, Hisdalen, Bjørkheim og Eikedalen. Deretter held dei fram til Hardanger og Voss.

Den første poengspurten skjer på Bjørkheim, etter 39,3 kilometer, medan ryttarane møter den første bakkespurten ved Fossen Bratte.

På dag fire skal deltakarane sykla ned Setesdalen til Kristiansand før dei endar opp med målgang i Stavanger søndag 29. mai etter seks dagar på sykkelsetet.

Lokale trafikkvakter
Arrangøren beklagar ulempene stengte vegar vil føra med seg, men opplyser at eit stort internasjonalt sykkelritt som Tour of Norway er avhengig av at vegen er rydda, slik at syklistane og den store kortesjen av følgjebilar skal koma fram.

– Dette vert gjort av omsyn til både din, ryttarane og sjåførane sin tryggleik, skriv arrangøren.

Ved fare for liv og helse må politiet kontaktast på tlf. 02800. I naudsituasjonar ringjer ein 112, vert det opplyst på tourofnorway.no.

Frivillige frå fleire organisasjonar i Samnanger skal vera trafikkvakter medan vegen gjennom kommunen er stengt.

Det er i alt påmeldt 19 lag til årets Tour of Norway, som vert vist på TV2.

Arrangøren håpar mange stiller opp og heiar på ryttarane langs løypa. Poengspurten på Bjørkheim er venta å finna stad rundt kl. 14.30 tysdag.