TØFF TUR: Å forsera Tyssefossen på vegen til havet er ei påkjenning for smolten. Enda verre kan det vera for småfisk som legg turen via røyrgata og turbinen til kraftverket.
TØFF TUR: Å forsera Tyssefossen på vegen til havet er ei påkjenning for smolten. Enda verre kan det vera for småfisk som legg turen via røyrgata og turbinen til kraftverket. FOTO: Marianne A. Reistad

Skal finna ut om smolten hamnar i kraftverket

Kan ei av årsakene til at det er vanskeleg å auka villaksstamma i Samnangervassdraget vera at noko av smolten går gjennom turbinane til Tyssefossen kraftverk og døyr? No er eit forskingsprosjekt i gang for å finna svaret.

– I slutten av april utstyrte me 50 laksesmolt med små apparat som sender ut lydsignal til lyttepostar i Tysseelva og i sjøen. På denne måten kan me finna ut kva rute fisken følgjer når han skal ned elva og ut fjorden, fortel forskar ved Norce Research, Erlend Mjelde Hanssen.

Han opplyser at det lenge har vore stilt spørsmål rundt kor mykje av Samnanger-smolten som overlever utvandringa til havet.

– Me veit at laks og sjøaure har store utfordringar med lus i fjordsystemet. For småfisken truar også andre farar, til dømes sjøfugl på jakt etter mat. Men kan det òg vera slik at ein del av smolten døyr før han når fjorden? spør Mjelde Hanssen.

SPENT PÅ RESULTATET: – Me skal henta opp lytteutstyret frå elva og fjorden i løpet av juni, men rapporten frå forsøket er nok ikkje klar før neste år, seier forskar Erlend Mjelde hanssen i Norce Research. FOTO: Arkiv

 Finansiert av Eviny
– Tyssefossen er i seg sjølv ei utfordring å passera for unge individ som skal forlata elva for første gong. Det kan og henda at smolt hamnar i røyrgata til kraftverket og dermed går gjennom turbinane før han når sjøen, seier forskaren.

For å finna ut av dette har Eviny Fornybar AS, som eig Tyssefossen kraftverk, finansiert eit forskingsprosjekt som Norce Research no utfører.

Ei dødeleg reise?
– Målet er å finna ut kor mykje av smolten som overlever den første delen av reisa mot havet. Kvar fisk er ID-merka, slik at me skal kunna henta mest mogeleg kunnskap frå forsøket, forklarar Erlend Mjelde Hanssen.

Det er plassert ut flest lyttebøyar ved inntaket til kraftverket, men også andre stader i elveosen og fjorden vil ein fanga opp signal frå sendarane.

– Me håpar å finna ut om fisken vandrar ut via fossen eller kraftverket, og korleis dette påverkar evna til å overleva. Me reknar med at død fisk stort sett vert verande i sjøen utanfor Safa, medan den som har klart seg vil halda fram ut fjorden. Det er difor sett opp to lyttestasjonar ved Gaupholmen. Dei vil fanga opp signal frå fisken som har klart denne første etappen, fortel Norce-forskaren.

MERKA SMOLT MED STING: Denne smolten er ferdig merka og skal berre tilførast desinfiseringsmiddel på operasjonsstaden før tilbakeføringa til smoltbur i elva. Her får fisken framleis vatn over gjellene og kroppen. FOTO: Norce Research

Opererte inn sendar
Smolt er fisk som er tre – fire år gamal og har nådd ei lengd på 15 – 20 centimeter. Først i denne alderen vandrar dei ut, og det skjer vanlegvis i mai.

– Var det lett å fanga nok smolt til forsøket?

– Ja, og det er sjølvsagt svært gledeleg. Me visste at 2018 var ein god årgang for villfisken i Tysseelva. Det var mykje gytefisk det året, og det er dette avkommet som no skal forlata vassdraget. Difor var det viktig å gjennomføra forsøket i år.

Erlend Mjelde Hanssen fortel at det vart nytta eit elfiskeapparat for å fanga smolten.

– Det sender straum ut i vatnet slik at fisken besvimer i nokre sekund og kan takast opp med håv. Me fanga rundt hundre smolt, hovudsakleg i nedre del av Tysseelva. Halvparten av dei vart bedøvde og fekk operert inn sendaren før dei vart sette ut att.

– Kva skjer dersom det viser seg at mykje av fisken hamnar i kraftverket og ikkje overlever?

– Då vil det vera naturleg å setja i verk tiltak, som til dømes å bruka rister ved inntaket eller endra straummønsteret i elva. Dette er i så fall noko Eviny må vurdera, seier Erlend Mjelde Hanssen.

Rapporten kjem neste år
For å sikra at all smolten har vandra ut før ein hentar opp lytteutstyret, vert det ståande til ut i juni. Då vil ein få eit inntrykk av korleis det har gått, men på grunn av stor oppdragsmengd vil rapporten frå forsøket truleg ikkje vera klar før hausten 2023.

MÅLING AV SMOLT: All smolten vart lengdemålt av el-fiskarane før forsøket starta. FOTO: Norce Research