ALT ER VEKKE: Ungane vart store i augo då dei oppdaga at både sklia, dissestativet og sandkassen plutseleg var borte, fortel foreldre og besteforeldre på Neset. No står det att ein nesten tom plass, og tydelege spor i grasbakken etter det som ein gong var. Jan Yngve Davidsen i midten bak, med eit barnebarn.
ALT ER VEKKE: Ungane vart store i augo då dei oppdaga at både sklia, dissestativet og sandkassen plutseleg var borte, fortel foreldre og besteforeldre på Neset. No står det att ein nesten tom plass, og tydelege spor i grasbakken etter det som ein gong var. Jan Yngve Davidsen i midten bak, med eit barnebarn. FOTO: Marianne A. Reistad

-Kvar vart det av leikeplassen vår?

Sist fredag oppdaga plutseleg bebuarane på Neset at alle apparata på den vesle leikeplassen deira var fjerna.

– Eg vart litt arg då eg såg det, og no er eg skikkeleg skuffa, seier Jan Yngve Davidsen, som har budd i området i mange år.

Han fortel at dei i ettertid har hatt kontakt med kommunen, og fått vita at det er dei som har fjerna leikeapparata. Dette har ikkje kommunen varsla om på førehand.

– Dei kom berre heilt ut av det blå og tok med seg alt.  Det me reagerer på er at det ikkje har vore nokon form for dialog, seier han.

Har sjølv halde plassen ved like
I følgje bebuarane på Neset har kommunen forklart det heile med at dei ikkje har råd til å vedlikehalda leikeplassen, og at utstyret som stod der var farleg.

– Kommunen har ikkje betalt ei krone i vedlikehald. Det er me som bur her som har friska opp området gjennom åra, slår Jan Yngve Davidsen fast og fortel at den vesle leikeplassen vart etablert på 80-talet, på same tid som byggefeltet kom til.

Plassen var sett av til friområde, og bebuarane fekk litt støtte frå kommunen til leikestativ.

Davidsen synest det er rart at kommunen no vurderte apparat som farlege. Med unntak av nokre kreosotimpregnerte stokkar rundt sandkassen, som det var planar om å fjerna, var alt i brukbar stand.

– Plassen trengte nok ei oppgradering, det skal eg innrømma. Men sklia, som kommunen nok må ha brukt ein del tid på å skjera vekk, var solid og bra, og til dømes langt tryggare enn den som står rett her oppe ved barneskulen.

Generasjonsskifte
I det vesle bustadområdet på Neset har det no flytta inn to nye barnefamiliar. I tillegg har nokre av dei som har budd der lenge, fått barneborn.

– Så det er eit generasjonsskifte her no. Og det var jo ein fin liten plass dette, som mange born og vaksne nytta, seier Jan Yngve Davidsen.

– Det er eit svært avgrensa tilbod til dei med små born her i kommunen, og då vert det veldig frustrerande at dei fjernar det vesle som er, legg ei av mødrene til.

Det er no gjort avtale om at bebuarane på Neset skal ha dialogmøte med kommunen i neste veke, fortel ho.

Vil setja seg inn i problemstillinga
Rådmann Ove Sæbø kan ikkje seia så mykje om bakgrunnen for denne saka. Han stadfestar at bebuarane har teke kontakt og bede om eit møte. Kommunen har invitert dei til ein prat måndag 16. mai.

– Utgangspunktet er å få snakka saman, finna ut av kva som er utfordringane her, og korleis me kan ta det vidare. Me vil setja oss godt inn i problemstillinga, seier han.

Samningen har teke kontakt med teknisk driftssjef, John-Einar Mjelstad, for å få vita kva vurdering som ligg bak at leikeapparata på Neset er fjerna, men har ikkje fått svar.