TRONG TIMEPLAN: Ida Haugen Skulstad er på farten tidleg og seint og brukar mykje tid på ulike former for frivillig arbeid. Å vera russepresident er blant oppgåvene ho har greidd å skvisa inn denne våren.
TRONG TIMEPLAN: Ida Haugen Skulstad er på farten tidleg og seint og brukar mykje tid på ulike former for frivillig arbeid. Å vera russepresident er blant oppgåvene ho har greidd å skvisa inn denne våren. FOTO: Marianne A. Reistad

Gjevande å vera frivillig

Ho er fotballtrenar, ungdomspolitikar og eit heilhjarta ungdomslagsmenneske. Denne våren tek ho også innspurten på tretten års skulegang.

Ida Haugen Skulstad (18) har ikkje fleire timar i døgnet enn oss andre, men det kan faktisk verke sånn. Når me treff ho, har ho nettopp kome heim frå skulen og har ein liten pause før ho skal i Hagabotnane og trena jenter 14. Russedressen har ho på, men i dag må ho prioritera fotballjentene framfor feiring.

– Eg kan jo ikkje berre overlata dei til seg sjølve fordi eg er russ, konstaterer ho.

Starta med ungdomslaget
Å gjera ein innsats som frivillig er noko Ida har halde på med så lenge ho kan hugsa.

– Mamma er jo ungdomslagsdame, og mykje av det eg driv med i dag har nok sitt opphav i Nordbygda ungdomslag. Der vart me tekne med når det skjedde noko. Eg har servert på mange festar og søndagsdansar.

Ida vart med i «leiken» – ungdomslaget si folkedansgruppe for born – da ho var seks år.

– Det var ingen tvil om at eg skulle byrja der, fortel ho.

Då ho gjekk i sjuandeklasse, vart ho med i leiargruppa, og det har ho vore i mange år.

– No sit eg òg i styret i Nordbygda ungdomslag. I tillegg har eg nettopp kome inn i styret i Noregs ungdomslag sentralt. Det vert litt spennande. Eg er valt inn for to år.

I NUL sentralt har ho også eit verv i sommarleir-utvalet og det har ho hatt i fire år. Oppgåva denne gruppa har er å planleggja leir for born og unge kvar sommar.

Ungdomspolitikar
Som tiandeklassing vart Ida med i kommunen sitt ungdomsråd.

– Der har eg også vore leiar. No når eg går ut av vidaregåande er eg for gamal til å sitja i der, og me valde nyleg ny leiar og nestleiar. Det siste me skal gjera no er å læra opp dei nye. Det er Endre Haugen Holmefjord som skal ta over som leiar.

I tillegg er Ida altså ofte å sjå i Hagabotnane.

– Ja, det å vera fotballtrenar er jo òg ein type dugnad. Me trenarane får gjerne eit gåvekort på slutten av sesongen som takk for innsatsen, men me får ikkje løn.

– Kvifor driv du med frivillig arbeid?

– For det første synest eg det er veldig gøy. Eg treffer så mykje kjekke folk, og møter dei på tvers av det andre eg driv med. Det er både unge og eldre, og eg får eit veldig stort nettverk. Eg har venner over heile landet. Det er òg fint å ha noko fast å gå til, synest eg – og å kjenna at det eg gjer har ein verdi.

Gjevande arbeid
– Opplever du at du får noko tilbake når du jobbar som frivillig?

– Ja, utan tvil. Elles hadde det aldri gått. Timeplanen min har få ledige rom, og eg har måtta jobba med meg sjølv for å velja ut kva eg vil driva med, kva som gjev meg mest. Eg vert også meir strukturert i forhold til skulearbeidet når eg har mindre tid.

Å vera frivillig fører også til at ho lærer mykje nytt, fortel Ida.

– Det gjeld særleg dette med å ta ansvar. Og å kunna møta mange personar i ulike situasjonar. Eg har også vore heldig å få gå på ein god del kurs, og det får eg mykje igjen for.

Eitt av dei er «Ungt leiarskap», som ho har teke på i samband med arbeidet i Noregs ungdomslag.

– Det handlar om å vera leiar, setja saman ei velfungerande gruppe, og så vidare. Det har jo også nytteverdi i eige liv.

– Alt hjelper
– Ser du for deg eit liv der du ikkje er frivillig?

– Eg kan jo verta tvungen til å gjera mindre, eller å ta ein pause ein gong i framtida, men å ikkje vera frivillig i det heile tatt, ser eg ikkje for meg.

Ida har søkt på juss-studiar i Bergen frå hausten av, og om ho kjem inn, kan kvardagen verta travel.

– Som student er det vel òg freistande å hiva seg med i dei mange studentorganisasjonane?

– Ha, ha! Ja, det kan nok verta lett for det.

Det viktigaste når det gjeld frivillig arbeid er at alt hjelper, konkluderer Ida.

– Sjølv driv eg jo med mykje, men å bidra med litt er også bra. Det viktigaste er å hiva seg rundt og prøva. Det er ingen ting me frivillige er meir glade for enn nye fjes.