Shirin Kvernes Khadoor heldt tale og la ned krans ved Fossen Bratte då 17.mai-markeringa starta i Samnanger.
Shirin Kvernes Khadoor heldt tale og la ned krans ved Fossen Bratte då 17.mai-markeringa starta i Samnanger. FOTO: Knut Harald Frøland

-Ei påminning om kor heldige me er

– Lat oss feira alt det me har og er i dag, og lat oss halda fram å minna kvarandre om kva det er verd, sa Shirin Kvernes Khadoor i minnetalen ved Fossen Bratte då 17.mai-feiringa starta i Samnanger.

Det vart ei verdig minnemarkering med tale og kransenedlegging frå Heimevernet og innslag ved elevar frå 7. trinn i Norheimsund, medan Shirin Kvernes Khadoor heldt minnetale og la ned krans på vegner av Samnanger kommune ved minnestøtta over dei som fall i kampane ved Fossen Bratte under 2. verdskrigen.

Både Heimevernet og elevar frå 7. trinn i Norheimsund deltok under markeringa ved Fossen Bratte. FOTO: Knut Harald Frøland

– Krigen som utspelar seg i Ukraina, og dei katastrofale følgjene av den, gjer at eg kjenner på kor viktig det er at me minnest vår eiga historie. At me aldri let oss sjølve gløyma at det var nokon før oss som gav alt, ofra alt, slik Arne Soldal, Lars Vangdal og Sjur Mo, gjorde då dei gav sine liv her ved Fossen Bratte, sa Shirin Kvernes Khadoor i talen.

Trass eit dystert bakteppe i Europa uttrykte ho glede over å kunna feira 17. mai igjen på tradisjonelt vis, etter to år med pandemi.

– At 17. mai igjen skal vera ein barnas dag, gjer meg enormt takksam.
Det er ei påminning om kor heldige me er, sa Shirin Kvernes Khadoor, som spesielt gledde seg til å sjå barnetoget.

Samningen kjem med fleire glimt frå feiringa i løpet av dagen.

Framsidebiletet er teke av Inge Aasgaard