Til nett, nordlys
FOTO: Inge Aasgaard

Nordlys over Samnanger

Me har nokre fine dagar og kalde netter bak oss. I Eikedalen har me hatt nede i ni minusgrader fleire netter. Dei fine nettene opnar for å kunna sjå nordlyset også i Samnanger.

Natta 30.03.2022 stod eg på moloen i Sætervika og tok dette biletet. Nordbygda og Bjørkheim lyser opp i bakgrunnen.

No er det slik at det er best å finna ein mørk stad å stå for å kunna sjå nordlyset. Det er også slik at augene våre ikkje klarer å sjå alle fargane som verkeleg er der. Det kan me få fram med eit godt fotoapparat. Lang eksponeringstid hjelper oss. Dette bilete er ikkje «juksa» med på nokon måte, men innstillingane i kamera hjelper oss til å sjå det som verkeleg er der.

For fotointeresserte så er innstillingane:::; eksponeringstid: 48 sek, f-stop: f/5, ISO 800. (Kamera: Nikon D 850). Med så lang lukkartid kan ein også sjå på stjernene på bilete at jorda roterer.

Det var ei fin oppleving å stå heilt åleine, ei mørk og kald vinternatt, og sjå på nordlyset. Til og med i Samnanger.