– DER ER EG! Borna frå Dråpeslottet barnehage var ivrige etter å visa fram kva bilete dei hadde laga sjølve.
– DER ER EG! Borna frå Dråpeslottet barnehage var ivrige etter å visa fram kva bilete dei hadde laga sjølve. FOTO: Marianne A. Reistad

Kunst til å verta glad av

Tysdag var det Barnehagedagen 2022, og det markerte Dråpeslottet barnehage med å opna si eiga kunstutstilling i biblioteket på Bjørkheim.

På veggen hang fire store, fargerike og glitrande bilete. Framfor dei sat heile gjengen på nærmare 40 små kunstnarar.

– Kva synest de sjølve då? Vart det fine bilete? spurde pedagogisk leiar Jan Olaf Tveiterås

– Jaaaa! ropa ungane.

Viktig å ha ein venn
Før utstillinga kunne reknast som offisielt opna, dukka biblioteksjef Merethe Gauden opp med ei spennande bok. Den handla om ein mann som bokstaveleg tala hadde mista hovudet. Heldigvis hadde han ein god venn som kunne hjelpa så han fekk det på plass att.

Vennskap er også tema for årets barnehagedag.

– Det er noko me i barnehagen jobbar med heile tida for å skapa trygge og robuste born. Og det er jo viktig å ha ein venn, konstaterer Jan Olaf.

Han fortel at absolutt alle borna i barnehagen har vore med og laga bileta på utstillinga, så dette har vore eit skikkeleg vennskapsprosjekt der ungane fekk skapa noko i lag.

Rosa hår og tiara
Med seg på prosjektet har dei hatt den lokale kunstnaren Vaida Bruvik, som har jobba litt som vikar i barnehagen. Ho har rettleia borna gjennom fargar, former og idear.

– Det har vore veldig kjekt, seier ho, og fortel at ho har lært ungane litt om teknikk, korleis dei kan «blenda» fargar, og så vidare.

LOKAL KUNSTNAR: Vaida Brukvik har jobba i lag med ungane på kunstprosjektet. FOTO: Arkiv

Dei to store bileta som dei eldste borna står bak, er sette saman av mange små maleri som kvar og ein har laga av sitt eige ansikt.

– Alle fekk framstilla seg sjølve akkurat som dei ville, velja hårfarge og korleis dei ville sjå ut, forklarer Vaida.

Om dei såg seg sjølve som Spiderman eller ei prinsesse med rosa hår og tiara, var det heilt i orden.

Dei yngste borna har laga to store bilete i lag.

– Gutane har jobba med himmelen, for dei likar best blått, medan jentene har laga den nedste delen av bileta med blomar i fargar som dei synest er fine.

FARGERIKT: Dei yngste borna i barnehagen har laga to store bilete i fellesskap. FOTO: Marianne A. Reistad

Stas å ta buss
Å jobba med kunstprosjektet har vore fint for både små og store i Dråpeslottet.

– Etter ein lang koronaperiode var det godt å kunna få gjera noko kjekt i lag igjen, seier Jan Olaf Tveiterås.

Han fortel at ungane også såg veldig fram til å reisa til biblioteket for å opna utstillinga denne veka.

– Det dei gledde seg mest til, var å ta buss, smiler han.

No håpar både han og dei unge kunstnarane at mange vil besøkja biblioteket for å sjå bileta.  Biblioteksjef Merethe Gauden fortel at dei flotte maleria vil verta hengjande på Bjørkheim ei god stund framover.