Høgt smittetrykk fører til reduserte kommunale tilbod

Som følgje av høgt sjukefråvær i samband med koronapandemien vert det reduksjonar i nokre kommunale tilbod i ein periode framover, melder kommunen på heimesidene sine.

Det første tiltaket som vert sett i verk er redusert opningstid i dei kommunale barnehagane. Det tek til frå og med i dag, 24. februar. Opningstida vil vera kl. 8.00 til 15.30, og ordninga gjeld fram til 11. mars. For born med særlege behov og born med foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar vil det framleis vera tilbod om normal opningstid.

Andre tiltak som kan verta aktuelle å gjennomføra:::;

– Redusert tilbod i heimetenestene (praktisk bistand) i pleie og omsorg

– Stenging av symjehallen på Tysse

– Redusert snøbrøyting/brøytefrekvens på kommunale vegar.

Oppdatert informasjon vert lagt ut fortløpande på kommunen sine heimesider.