106 smitta på éi veke

Også sist veke vart det sett ny smitterekord i Samnanger. Det vart då påvist heile 106 registrerte tilfelle av korona, melder kommunen på heimesidene sine. Som tidlegare dreier det seg om spreidde tilfelle blant born og vaksne.

Smittetrenden i kommunen vår er framleis stigande. Sidan mars 2020 er det påvist totalt 328 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.

Frå og med veke 7 vert berre dei som registrerer seg elektronisk på kommunen si heimeside ved positiv sjølvtest talde med i oversikta over smitta. På grunn av innføring av ny registreringspraksis kan tala frå og med veke 7 difor ikkje samanliknast direkte med smittetala før. Det er likevel ingen tvil om at det frå veke 7 skjedde ei betydeleg smitteauke, opplyser kommunen på heimesidene sine.