Young woman on a train wearing masks
FOTO: Scanstodkphoto.com

Stor, men forventa smitteauke

Tala på koronasmitta aukar kraftig i heile landet – også i Samnanger. Dei siste ni dagane er det registrert 36 nye smittetilfelle i vår kommune.

 

Måndag og tysdag denne veka vart det påvist ni nye smittetilfelle i Samnanger, opplyser kommuneoverlege Harald Ramm Salbu onsdag morgon. Det dreier seg om spreidde tilfelle. Nokre av dei er born, men dei har ikkje representert smittefare i barnehage eller skule.

Sist veke var det påvist 27 tilfelle, melder kommunen på heimesidene sine. Det er det høgste talet på ei veke så langt i pandemien og var nesten ei dobling frå veka før.

Tre av smittetilfella førre veke var på 6. trinn på barneskulen og vart rekna som eit smitteutbrot. Det vart difor sett i verk jamleg testing to gonger i veka på klassetrinnet.

Det var også enkelståande tilfelle både på barne- og ungdomsskulen. Dei representerte ikkje smitteutbrot, og det vart difor ikkje sett i verk jamleg testing i samband med desse.

Kommunen ber om at born som har symptom held seg heime og testar seg. Alle andre bør møta på skulen som vanleg.

Per i dag er det ingen smittetilfelle i barnehagane som skulle utgjera smitterisiko der.

Digital smittesporing
Smittetrenden i Samnanger er framleis stigande. At me no har fått 36 nye tilfelle på ni dagar, kjem ikkje som nokon overrasking, kommenterer kommuneoverlegen.

– Nei det er dette me ser i resten av landet, så det var forventa.

Dei som testar positivt på heimetest, må melda frå på koronatelefonen. Dette vil det etter kvart verta ei endring på, då alle kommunar er pålagde å ha eit digitalt smittesporingssystem der innbyggjarane sjølve kan registrera positive resultat.

– Me jobbar med å få på plass eit slikt system, men foreløpig må folk nytta koronatelefonen om dei skulle testa positivt, seier Harald Ramm Salbu.

Rykker oppover på FHI-lista
Onsdag viser oversikta til FHI at vår kommune ligg som nummer elleve av 43 kommunar i Vestland når det gjeld smitte målt i høve til folketalet. Samnanger har no 1836,3 smitta per 100.000 innbyggjarar. Til samanlikning var talet 1077,8 då kommunen låg på smittetoppen i byrjinga av desember i fjor. Per i dag er det Askøy som toppar oversikta med 3814,7.

Sidan mars 2020 er det påvist totalt 146 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.