Portrait of caucasian sporty woman wearing medical protection face mask while walking in park, relaxing and listening to music. Corona virus, or Covid-19, is spreading all over the world
FOTO: Illustrasjonsfoto

Åtte nye smittetilfelle på tre dagar

Etter ein roleg periode med lite smitte på slutten av fjoråret, er trenden i Samnanger igjen stigande, melder kommunen på heimesidene sine.

I veke 1 vart to personar stadfesta smitta med korona, og i løpet av dei tre første dagane denne veka er det påvist åtte nye tilfelle.

Ein av dei smitta går i 6A på Samnanger barneskule. Denne klassen vert no testa, og det er sett i verk tiltak mot dei tilsette. Per i dag er det for tidleg å slå fast om det dreier seg om eit utbrot på barneskulen, opplyser kommunen.

Det er ikkje påvist smitte i barnehagane eller på ungdomsskulen.

Sidan mars 2020 er det påvist totalt 104 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Kommunen gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.

Samnanger kommune minner elles om at det er viktig at alle som testar positivt med sjølvtest melder frå på koronatelefonen: 966 26 968.