Smittesituasjonen i regionen gjer at det er behov for fleire tiltak enn det regjeringa har innført, opplyser kommunen på nettsidene sine. Samnanger samarbeider difor med andre kommunar i bergensregionen om ei lokal forskrift som skal supplera dei nasjonale smitteverntiltaka.
Tiltaka som vert vurderte er:
– Påbod om munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda ein meters avstand
– Karanteneplikt for husstandsmedlemmar og andre nærkontaktar
Detaljane i den nye forskrifta er ikkje heilt klare enno, men kommunen ønskjer likevel å informera innbyggjarane om tiltaka som vil verta innførte.