Ti nye smitta sist veke

Sist veke, frå 6. til 12. desember, vart det påvist til saman ti nye tilfelle av koronasmitte i Samnanger, opplyser kommunen på heimesidene sine. Blant dei smitta er éin tilsett på barneskulen. Det er sett i verk testing av nærkontaktar blant aktuelle tilsette og elevar.

Dei siste fire vekene er det påvist 47 smitta. Smittetrykket vert rekna som stabilt høgt. Ti personar er for tida i isolasjon.

Ein ser at husstandsnærkontaktar er svært utsette for å verta smitta, uavhengig av vaksinasjonsstatus, melder kommunen.

I tida fram mot jul og utover vinteren må me rekna med høgt smittetrykk.

Samnanger er per i dag, 13. desember, eit godt stykke nede på FHI sin oversikt over smittetrykket i Vestland. Sist veke var vår kommunen den med tredje mest smitte målt i høve til folketalet, medan me no er nummer ti og har flat smittetrend.