Hopp til hovedinnhold

Regionale smitteverntiltak innført i Samnanger

Frå fredag 3. desember kl. 21.00 innfører regjeringa regionale smitteverntiltak i Bergen og omlandskommunane.

– Det er stor pågang av pasientar og høge tal på sjukmeldingar og anna fråvær i helsetenestene både i kommunane og på sjukehusa. Situasjonen er svært utfordrande. Difor set me i verk tiltak, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i ei pressemelding.

Desse regionale tiltaka vert innførte med forskrift::

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halda minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Plikta til å bruka munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruka munnbind.
  • Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal sørgja for at tilsette jobbar heimefrå heile eller delar av veka.
  • På private arrangement innadørs kan det vera maks 100 personar.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrera gjestar og for å varsla gjestar om smitteeksponering
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve. Det kan maksimalt vera 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.

Tiltaka er dei same som blei iverksette for Oslo kommune og fleire kommunar i Innlandet og Viken fylke torsdag.

Forskrifta om regionale tiltak gjeld for følgjande kommunar i føretaksområdet til Helse Bergen:

  • Alver
  • Askøy
  • Austevoll
  • Austrheim
  • Bergen
  • Bjørnafjorden
  • Kvam
  • Osterøy
  • Modalen
  • Samnanger
  • Vaksdal
  • Voss
  • Øygarden