To nye elevar smitta

Torsdag den 11. november fekk to nye elevar ved barneskulen påvist koronasmitte. Sidan søndag 7. november er det påvist i alt 12 smittetilfelle i Samnanger, og 11 av desse er knytt til utbrotet på skulen. 

 

Utbrotet omfattar seks elevar på sjuande klassetrinn, ein på fjerde trinn, to nærkontaktar og to andre i tilknyting til desse. I tillegg er ein person smitta via ein annan kjend smitteveg.

Situasjonen er framleis oversiktleg, melder kommunen på heimesidene sine fredag. Det er risiko for fleire smitta dei nærmaste dagane.

Tilrår avstand og heimekontor
Det er sett i verk nødvendige tiltak overfor barneskulen, Vassloppa barnehage, dei smitta og nærkontaktane deira. Andre aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular osv. som treng tiltak er varsla.

Kommunen minner om at alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane. Dei tilrår også følgjande:

– Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, helst ein meter

– Vurder bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom

– Vurder å jobba frå heimekontor når det er mogleg

– Reduser talet på nærkontaktar