Innfører påbod om bruk av munnbind

For å få bukt med smitteutviklinga i regionen vår, innfører Bergen og omlandskommunane no ei felles forskrift.

Samnanger er blant kommunane som innfører forskrifta som gjeld frå og med måndag 22. november til og med måndag 20. desember.

Dei nye lokale tiltaka går mellom anna ut på å bruka munnbind innandørs på offentlege stader der det ikkje er mogleg halda ein meters avstand, til dømes kjøpesenter, butikkar og kollektiv transport. Det blir også påbod om å registrera gjestar på mellom anna skjenkestader og i kantiner.