Ein av dei smitta er elev i sjetteklasse, to er nærkontaktar i husstand til tidlegare smitta, og to har ingen tilknyting til skule eller barnehage.
Det har også vist seg å vera éin falsk positiv test den siste tida, så ein tidlegare sannsynleg smitta er no ute av isolasjon.
Oversiktleg på barneskulen
Fire elevar i femteklasse testa positivt sist veke, men det er ikkje påvist fleire smitta på barneskulen sidan onsdag 24. november. Situasjonen blir no rekna som oversiktleg, og utbrotet ser ut til å vera avgrensa, opplyste kommunen på nettsidene sine i går, søndag 28. november.
Sidan mars 2020 er det påvist 71 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. I tida fram mot jul må me rekna med høgt smittetrykk, melder kommunen, og minner om å halda seg oppdatert på dei lokale smittevernreglane.