Til nett, koronavirus RGB
FOTO: Illustrasjonsfoto

Har nesten dobla smittetalet på tolv dagar

I går, onsdag 17. november, blei det påvist endå tre nye smittetilfelle i kommunen. Denne gongen dreier det seg om to vaksne og ein elev i 6.klasse.

To av dei nye tilfella har tilknyting til utbrotet på barneskulen, men desse er høgst sannsynleg ikkje smitta på skulen, opplyser kommunen på heimesidene sine. Blant dei smitta er éin tilsett på barneskulen.

Det var fram til i går påvist til saman 25 smittetilfelle i Samnanger sidan søndag 7. november. 20 av desse har samanheng med utbrotet som starta på barneskulen.

Kommunen melder om at fem av dei smitta no er ute av isolasjon.

52 smitta totalt
Utbrotet med utgangspunkt på barneskulen omfattar åtte elevar i 7.klasse, to i 6.klasse, to i 4.klasse og ein i 1.klasse. I tillegg er to elevar på ungdomsskulen smitta – ein i 8.klasse og ein i 9.klasse.

To av dei smitta er vaksne nærkontaktar, og to andre har tilknyting til elevane. Ein er tilsett i Vassloppa barnehage. Sidan onsdag 10. november er det ikkje påvist fleire smitta med tilknyting til barnehagen.

Kommunen melder om at situasjonen framleis er oversiktleg, men det er risiko for at det blir fleire smitta dei nærmaste dagane.

Om ein ser heile koronaperioden under eitt, har Samnanger nesten dobla talet på smitta berre i løpet av dei siste tolv dagane. Frå mars 2020 og fram til 18. oktober i år, var det registrert 27 smitta i alt. No er me oppe i totalt 52 for heile perioden.