FOKUS PÅ DEI MEST SÅRBARE: I ein fase med mykje smitte i samfunnet, er det viktig å ha fokus på å beskytta dei eldre og personar i risikogruppene, meiner kommuneoverlege Harald Ramm Salbu.
FOKUS PÅ DEI MEST SÅRBARE: I ein fase med mykje smitte i samfunnet, er det viktig å ha fokus på å beskytta dei eldre og personar i risikogruppene, meiner kommuneoverlege Harald Ramm Salbu. FOTO: Arkiv Mathias Reistad

Det største smitteutbrotet så langt

Frå søndag den 7. november og til i dag er det påvist 20 smittetilfelle i Samnanger.

– Me har no det største utbrotet gjennom heile pandemien, seier kommuneoverlege Harald Ramm Salbu tysdag.

Dei fleste tilfella er knytt til utbrotet på barneskulen, der ein del elevar, nærkontaktar og andre har blitt smitta. I tillegg er det nokre få enkeltståande tilfelle som ikkje har med barneskuleutbrotet å gjera. Ingen av dei smitta har blitt alvorleg sjuke, kan kommuneoverlegen stadfesta.

Oversiktleg
Han fortel at ein ser ein tendens med mykje smitte blant born i barnehage og skule over heile landet no. Det har samanheng med at born for ein stor del er uvaksinerte.

– Sjølv om utbrotet i Samnanger er stort, så er det per i dag oversiktleg. Dei nye smittetilfella er hovudsakleg nærkontaktar, og slik det ser ut akkurat no har me ingen oppleving av at det er ute av kontroll. Det ser heller ut til å flata litt ut, og me får håpa og tru at det vil halda fram med det, og at det så vil gå over, seier Salbu.

Han fortel at kommunen framleis vil prøva å halda skulane på grønt nivå.

– Det har vore mange avgrensingar for born i løpet av pandemien, så me vil prøva å i størst mogleg grad halda ope. Born blir ekstremt sjeldan alvorleg sjuke av covid-19. Men dei kan smitta vidare til eldre og personar i risikogruppene. Difor har me sett inn målretta tiltak mot familiar og nærkontaktar i samband smitteutbrota. Me har lagt oss på ei strengare linje enn den folkehelseinstituttet rår til, påpeikar kommuneoverlegen.

Urolige foreldre
Den siste tida har legekontoret fått mange førespurnader frå engstelege foreldre som lurer på om det er trygt å senda ungane på skulen.

– Eg har forståing for at dei vert urolige. Samtidig vil eg minna om at me som jobbar med dette, sit med ein del deltaljar som ikkje nødvendigvis kan offentleggjerast. Desse gjev oss oversikt slik at me kan setja inn balanserte tiltak for å stoppa spreiinga utan å leggja for store avgrensingar på elevane.

Harald Ramm Salbu påpeikar at me er inne i ei fase der me må leva med ein del smitte i samfunnet. Då er det viktig å ha fokus på å beskytta dei gamle og personar i risikogruppene, og ikkje overbelasta helsesystemet, meiner han.

Oppmodar om å ta vaksine
Kommunen er no i gang med å gje sjukeheimsbebuarar og alle over 65 år ei tredje dose koronavaksine. Kommuneoverlegen minner om at denne bør òg personar i risikogruppene ta, då dette er viktig for å styrka immuniteten.

Det er elles ein del personar i kommunen som ikkje har teke koronavaksine i det heile, og dei blir også oppmoda om å ta turen innom vaksinestasjonen i storstova på Samnangerheimen for å vaksinera seg. Der er det ope onsdagar og torsdagar.

Parallelt med koronapandemien, nærmar me oss influensasesong. Massevaksineringa mot sesonginfluensa er no ferdig, men kommunen sit att med godt over hundre vaksinedoser som skulle ha gått til personar risikogruppene.

– Me oppmodar sterkt om at desse kjem og vaksinerar seg. Influensaen kan bli vel så hard som korona for dei det gjeld, og det er berre å koma innom på legekontoret mellom klokka ni og tre på kvardagar, så får ein sett vaksinen.

RS-viruset
Det er òg ei oppblomstring av RS-viruset for tida. Dette er eit vanleg forkjølingsvirus  som stort sett er uskyldig.

– Om ein har symptom på forkjøling, men god allmenntilstand og effekt av febernedsetjande medisin, er det ikkje nødvendig å gjera noko. Men ein bør ein sjølvsagt testa seg mot korona, seier Harald Ramm Salbu.

Om ein då testar negativt, er det truleg RS-virus det dreier seg om. For born under to år, og særleg under eitt år, kan RS-viruset i nokre få tilfelle føra til pustevanskar. Viss barnet er medteken, har dårleg allmenntilstand og er tung i pusten, bør ein ta kontakt med lege for å få vurdert om det er trong for meir hjelp, utdjupar kommuneoverlegen.

Han minner elles om at korona, sesonginfluensa og RS-virus gjev symptom som glir over i kvarandre, og at folk bør ha låg terskel for å testa seg og halda seg heime om dei er sjuke.

På kommunen sine heimesider der det ligg oppdaterte anbefalingar.