Til nett, koronavirus RGB
FOTO: Illustrasjonsfoto

Tre nye tilfelle av covid-19

Det er påvist tre nye tilfelle av koronasmitte i Samnanger. Alle har samanheng med tilfellet som blei registrert 4. oktober, så smittevegen er kjent.

Det eine tilfellet gjeld ein person i aldersgruppa 10-20 år. Dette vart påvist 9. oktober. Dei to andre tilfella er registrerte 11. oktober, og gjeld ein person i same aldersgruppe og ein i gruppa 30-40 år.

Smittesporing er utført, og etter dei to siste tilfella er tre personar sette i karantene. Ingen institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er berørte per i dag, skriv kommunen på nettsidene sine tysdag 12. oktober. Det er sidan mars 2020 påvist totalt 23 smitta med opphaldsadresse i Samn-
anger.