OPEN HELSESTASJON: Jordmor Janita Nesse (t.v.) skal bruka noko av stillinga si på helsestasjon for ungdom. Her i lag med leiande helsesjukepleiar Kari Anne Tolås Boge.
OPEN HELSESTASJON: Jordmor Janita Nesse (t.v.) skal bruka noko av stillinga si på helsestasjon for ungdom. Her i lag med leiande helsesjukepleiar Kari Anne Tolås Boge. FOTO: Marianne A. Reistad

Helsestasjon for unge er tilbake

Etter ein lang periode utan tilbod om helsestasjon for ungdom, er dørene no opne fast annakvar veke.

Fram til nyttår er det jordmor Janita Nesse som skal driva stasjonen. Deretter skal ho dela på jobben med den nye helsesjukepleiaren, slik at det er ope kvar veke.

Har fått ny medarbeidar
Samnanger har ikkje hatt fast tilbod om helsestasjon for ungdom i år. Det skuldast at det har vore utfordrande å få tilsett ny helsesjukepleiar.

– I denne perioden har det vore mogleg for ungdomane å ringja og gjera ein avtale ved behov, men me har ikkje hatt fysisk ope i 2021, opplyser leiande helsesjukepleiar Kari Anne Tolås Boge, som har vore åleine som helsesjukepleiar i kommunen frå 1. februar i år.

No er det tilsett ein person i stillinga som har vore utlyst fleire gonger det siste året, og ho skal begynna i slutten av november.

Viktig teneste
Helsestasjon for ungdom har lokale på helsetunet på Haga og er eit gratis tilbod for unge i alderen 13 til 20 år. Fram til jul er det ope onsdag ettermiddag i oddetalsveker, og etter nyttår vert det altså ope kvar veke. Det er ikkje nødvendig å bestilla time på førehand.

Dei tilsette på helsestasjonen kan hjelpa med alt frå prevensjonsrettleiing til spørsmål om fysisk eller psykisk helse. Dei kan òg tilvisa vidare til andre helsetenester, til dømes lege eller psykolog, dersom det er behov for det.

Kari Anne Tolås Boge fortel at det har vore litt av og på med tilbod om helsestasjon for unge dei siste åra, i samband med personell og kapasitet. Tilbodet har difor heller ikkje vore så mykje i bruk blant samnangerungdomen.

– No vil me prøva å få det opp og gå igjen. Det er ei viktig teneste til ungdomen som eg håpar dei vil nytta seg av, seier ho.

Jordmor på helsestasjonen
Janita Nesse tok til i jobben som jordmor i Samnanger i byringa av august, og er altså ein av dei ungdomane vil møta om dei tek turen innom helsestasjonen.

– Eg er tilsett i 20% fast stilling som jordmor, og noko av prosenten går til å jobba på helsestasjonen for ungdom, opplyser ho.

Som heilt nyutdanna har ho ikkje vore innom denne typen arbeid før, men trur det skal bli interessant.

– Eg har alltid hatt stor interesse for ungdom, spesielt i samband med prevensjonsrettleiing, så eg gler meg til å møta dei unge her i kommunen.