Onsdag føremiddag denne veka stoppa politiet ein bilførar i Kvitingsvegen. Det viste seg at bilen var stolen og full av tjuvgods, truleg frå innbrot i hytter. Politiet oppmodar folk som har hytte i områda Kvitingen og Totræna til å ta seg ein tur oppom og sjekka.
Sjåføren er også mistenkt for å ha køyrd i ruspåverka tilstand.