RART: – Eg synest det er litt merkeleg at me har fått ei oppblomstring no når me så og seia er ferdige med vaksineringa, seier kommuneoverlege Harald Ramm Salbu.
RART: – Eg synest det er litt merkeleg at me har fått ei oppblomstring no når me så og seia er ferdige med vaksineringa, seier kommuneoverlege Harald Ramm Salbu. FOTO: Arkiv

Åtte smittetilfelle på to veker

Etter at koronarestriksjonane vart oppheva, har Samnanger opplevd meir covid-19-smitte enn nokon gong under pandemien.

Status på tysdag var fire nye smittetilfelle siste veka. I løpet av dei siste 14-15 dagane har Samnanger hatt åtte smitta.

– At samfunnet har opna opp att, kan ha verka inn. Men eg trur det er heilt tilfeldig at me har fått ei opphoping no. Det kunne like gjerne ha skjedd tidlegare i pandemien, seier kommuneoverlege Harald Ramm Salbu.

Både born og vaksne
Dei åtte smitta er fordelte på to kohortar: Seks i den eine og to i den andre. Dei to gruppene har ikkje noko tilknyting til kvarandre.

– I den største kohorten har både born og vaksne vorte smitta. Dei to i den siste gruppa, som testa positivt 18. oktober, er i alderen 30 – 50 år, opplyser Salbu.

Isolasjon og karantene
Tysdag var fem samningar i isolasjon som følgje av smitte, medan éin var i karantene. Nokre av dei smitta var allereie friske att.

– Krava til smittevern er ikkje like strenge som dei var tidleg i pandemien. Vert du smitta no, skal du vera isolert i fem dagar. Er du nærkontakt til ein smitta, må du testa deg dagleg eller vera i karantene i sju dagar. Så lenge du ikkje testar positivt, kan du leva som normalt, fortel Salbu.

– Årsaka til at Folkehelseinstituttet har mjuka opp reglane, er at svært mange no er vaksinerte. I tillegg er det mykje mindre smitte i samfunnet enn tidlegare, seier han.

Kommuneoverlegen er ikkje redd for at Samnanger er på veg inn i ei større smittebølgje.

– Men eg synest det er litt underleg at me har fått ei oppblomstring no når me så og seia er ferdige med vaksineringa.

Hurtigtest
Alle dei åtte som har vore sjuke den siste tida skal ha vore mildt ramma, nærmast som ei vanleg forkjøling.

– Det kan vera vanskeleg å vita skilnaden på ulike luftvegsinfeksjonar. Difor er det viktig å testa seg når ein får symptom, seier kommuneoverlegen.

– No kan samningane ta slik test både på helsetunet og heime. Me deler ut hurtigtestar til dei som vil gjera dette sjølve. Då får ein svar etter 15 minutt. Har du luftvegssymtom, er det berre å ringja koronatelefonen og gjera avtale, seier Harald Ramm Salbu.

– Med min kjennskap til dei to nemnde kohortane i Samnanger, meiner eg det er liten fare for ukontrollert smitte i kommunen, avsluttar han.