-Klart me skal nytta røysteretten

Det er ikkje alltid like lett å orientera seg i kva dei ulike partia til stortingsvalet har på programma sine. Korleis er det for dei som skal røysta for første gong? Samningen har snakka med fire unge i bygda om korleis dei har førebudd seg til valdagen.

Her er spørsmåla me stilte:

  1. Kva tenkjer du om å skulla vera med å påverka kven som skal styra landet dei neste fire åra?
  2. Miljø er eit tema som får stor merksemd, som alle partia har i programma sine. Kva er den viktigaste miljøsaka for deg? Kvifor?
  3. Kva har påverka deg mest i val av parti?
  4. Kva er viktige saker for deg akkurat no ?
  5. Kjem du til å bruka røysteretten din?

Namn: Even Fossdal Kolle

Fødd: Juli 2003

Bur: På Haga

Skule: TAF Helse, Fusa vgs

1) Me har demokrati, og eg skal bli ein del av det. Då har eg høve til å påverka samfunnet me bur i. Det er interessant og kjekt å få vera med i det arbeidet.

2) No har eg fått lappen, så då har eg fokus på bil. Gjerne meir tilrettelegging for El-bil

3) Eg blir ikkje så klok. Det er til tider vanskeleg å forstå kva partia meiner. Saker som opptar meg no er rusreform og arbeidsmarknaden. Så er utanrikspolitikk interessant. No er biletet prega av Afghanistan, og Taliban si rolle der. Miljø, helse og omsorg er viktig for meg.

4) Eg har prøvd valgomaten og enda opp med eit parti ut frå kva som er viktige saker for meg.  Det er vanskeleg å finna eit parti som har alle desse sakene på agendaen, men alle partia jobbar for noko eg er oppteken av. Sidan eg utdannar med til helsefagarbeidar er helse og omsorg eit viktig tema for meg. Det er spennande å følgja med på offentleg kontra privat sektor innan dette området.

Eg må gå for det paritet eg er mest einig med.

5) Ja

Namn: Kristian Holdhus

Fødd: Desember 2003

Bur: På Ådland

Skule: TAF – elektrofag, Knarvik vgs

1) Eg synet det er interessant og prøver å følgja med på dei ulike partia og kva dei står for. Alle har saker som er interessante.

2) Å ta godt vare på det samfunnet og den naturen me har er viktig, slik at neste generasjon får noko å leva av – og bu i.

3) Det er ikkje så lett å orientera seg. Eg har prøvd valgomaten og landa på Ap. Om det er dei som får stemma mi, veit eg ikkje. Alle parti har noko du kan vera einig i.

4) Som skulelev er skule og utdanning noko eg ser på som viktig. Saman med tilrettelegging og utbygging av kollektivtransport.

5) Ja, det gjer eg.

Namn: Sunniva Solemdal

Fødd: Mars 2003

Bur: På Haga

Skule: Musikklinja, Bergen Private Gymnas

1) Eg tenkjer det er spennande, og synest det er viktig at alle, spesielt me unge, tar oss tid til å finna det partiet me sjølve er mest einige med. Eg synest det er svært viktig at me brukar stemmeretten vår!

2) Den viktigaste miljøsaka for meg, er at me satsar på å erstatta fossil energi med fornybar energi, samstundes som me tar vare på naturen. Eg synest det er viktig fordi det er nødvendig om me skal klara å avgrensa/hindra klimaendringane og den globale oppvarminga. Viss ikkje kjem me til å få meir ekstremvêr, issmelting og havnivåstigning, slik som det er fastslått i FN sin klimarapport. Eg vil ha ein jordklode som både eg og generasjonane etter meg kan leva godt på.

3) Eg stemmer på det partiet eg er mest einig med. Eg synest dette partiet har viktige saker på programmet, som korleis me kan løysa klima- og miljøkrisa og korleis me kan nedkjempa ulikskap, slik at me får eit meir rettferdig Noreg.

4) Klima- og miljøkrisa er det som er viktigast for meg akkurat no, men også saker som handlar om skule, t.d. å få erstatta eksamen med ei meir rettferdig vurdering, og få fjerna fråværsgrensa.

5) Ja, sjølvsagt.

Namn: Håkon Mjelstad

Fødd: Mai 2003

Bur: På Tysse

Skule: Danielsen vgs

1) Eg synest det er spenande. Ein påverkar Noreg både innanfor og utanfor landegrensene.

2) Miljøpolitikken er ekstremt samansett. Mykje tyder på at noko må gjerast, men eg veit rett og slett ikkje kvar ein bør starta. Kanskje ein miljødomstol i Noreg er det første steget for å bli kvitt uryddige saker som angår klimaet. Uansett tenkjer eg at Noreg, med alle ressursane me har, kan vera eit flaggskip for resten av verda på innovativ og effektiv miljøpolitikk. Så må me globalt sett kunna klara å overlevera ein klode som fungerer til neste generasjon.

3) Det som har påverka meg mest er å sjå debattar. Her ser ein korleis politikarar opptrer, kva partia meiner og kven som er einige med kven i kva saker. Eg har også lese partiprogramma, tatt valgomat og i tillegg har me prata mykje om valet i programfaga eg har på skulen. Det finst mange gode poeng og interessante meiningar på alle kantar, så det gjeld å finna det partiet som ein er mest einig/minst ueinig med

4) Det blir jo fort saker som angår meg; som skule, helse og menneskeverd

5) Ja, eg tenkjer at alle må bruka retten til å bestemma kven som skal styra landet. Ei enkelt stemme er jo ein drope i havet, men om alle tenkjer slik, vil ikkje demokratiet fungera som det skal.