Berre tolv dagar etter at fleirtalet i Samnanger kommunestyre vedtok å heisa regnbogeflagget på kommunehuset i strid med lova, godkjende Stortinget slik flagging.
AV HALLVARD TYSSE
– Det er artig at endringa av flagglova kom så raskt etter at Samnanger kommunestyre gjorde vedtaket sitt. Dette viser at det har vore eit press for å mjuka opp regelverket, og at endringa ikkje kom uventa, seier ordførar Knut Harald Frøland.
Hittil har det berre vore lov å bruka det norske og det samiske flagget på offentlege bygningar – i tillegg til kommune- og fylkesflagg. Endringa av flagglova vart gjort tysdag 19. mai, og inneber at det skal vera lov å bruka andre flagg under «arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse». Dette gjeld også FN-flagget, melder NTB.
– Det var ein lokal person som utfordra oss til å bruka prideflagget 28. juni kvart år. No har eg sendt utfordringa tilbake og spurt om det går an å få til eit lokalt arrangement denne dagen, slik at me er heilt sikre på at flagginga er lovleg, opplyser ordføraren til Samningen.
Etter kommunestyremøtet 6. mai har åtte av representantane i kommunestyret kravd lovlegkontroll av vedtaket om å heisa regnbogeflagget på kommunehuset. Dette er representantane til Frp, Sp, KrF og to frå Bygdalista.
(Fotomontasje: Samningen)