Det er eitt år sidan Nathawan Svisdal først tok kontakt med Samnanger kommune for å høyra om ho kunne få starta sal av thaimat frå ei matvogn på Bjørkheim. No har kommunestyret instruert administrasjonen om å gje henne løyve. – Eg synest ikkje det er haldbart at nokon må venta i eit år for å få svar på noko slikt, seier ordførar Knut Harald Frøland.