Til nett Ådland kyrkje

Julegudstenestene på Ådland er fullbooka

Måndag var begge dei to gudstenestene i kyrkja på Ådland julaftan fullteikna. I Hagakyrkja var det framleis godt med plassar både klokka eitt og klokka to.

AV MARIANNE A. REISTAD

Vanlegvis tek kyrkja imot over fire hundre personar til gudsteneste julaftan, men i år vert det berre plass til halvparten på grunn av smittevernrestriksjonane. I staden for to gudstenester, vert det fire, og det er plass til opptil femti personar på kvar. Det er også gudsteneste i Tysse bedehus julaftan.

Om nokon har veldig lyst til å få med seg julegudstenesta på Ådland, kan det vera lurt å følgja med på heimesidene til kyrkja. Det kan framleis opna seg ein plass eller fleire dersom nokon melder seg av, og det er ope for påmelding på nett heilt fram til klokka eitt julaftan. Kyrkjeverje Britt Haukanes fortel at det også hender at folk som har meldt seg på ikkje møter opp, så det går an å stilla i kyrkja rett før gudstenesta startar, for å sjå om det er noko ledig.

– Viss ikkje folk har kome når klokkeslettet er der, får nokon andre plassane deira, opplyser ho, og legg til at ho håpar samningane er flinke til å melda seg av viss dei ser at dei ikkje får gått på eit arrangement likevel.

Det skal framleis vera ledige plassar på gudstenesta 1. juledag.

Les e-avisa Bestill abonnement