Kommunestyret har laurdag ettermiddag vedteke ei smittevernforskrift som tillet at det kan vera inntil ti personar på private samankomstar, ikkje fem som i Bergen.
På grunn av den aukande korona-smitten har alle nabokommunane til Bergen innført den same forskrifta som byrådet vedtok fredag. Men rådmannen i Samnanger ville ikkje forby meir enn fem personar i private heimar, slik Bergen har gjort.
– Det er eit frykteleg sterkt inngrep å seia at det ikkje er lov å vera meir enn fem personar heime hos nokon. Folk har rett til både privatliv og familieliv. Og sjølv om situasjonen er ille i Bergen, må me vurdera tilhøva i Samnanger. Det kan vera i strid med lovverket å gå for drastisk til verks, meinte rådmann Ingebjørg Vamråk. Etter å ha konferert med smittevernlegen tilrådde ho å setja grensa ved ti personar.
18 av dei 21 kommunestyrerepresentantane støtta dette synet. Tre ville behalda grensa på fem.
I forskrifta er private samankomstar definert som samankomstar i private heimar, hytter og liknande, medrekna lausare arrangement innandørs og utandørs.
Ordføraren opplyste i det digitale møtet at det no er registrert to smittetilfelle i Samnanger, og understreka at situasjonen er langt meir alvorleg enn i mars. Han meinte likevel at rådmannen sitt forslag var fornuftig. Dei vedtekne pålegga gjeld frå no og fram til 23. november. Kriseleiinga har fått fullmakt til å vedta forlenging og å gjera naudsynte endringar i forskrifta dersom situasjonen tilseier det.
Utanom det som er nemnt ovanfor er dei viktigaste reglane slik:
- Arrangement på offentleg stad skal ha faste sitjeplassar, og det er ikkje lov å vera meir enn 20 deltakarar. Det er gjort unntak for gravferder. Der kan det vera inntil 50 personar.
- Arrangement der avstandskravet på éin meter ikkje kan overhaldast, er ikkje tillate.
- Breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år er forbode.
- Treningssenter skal halda stengt.
- Bibliotek skal halda stengt for publikumsopphald og aktivitetar. Lån og innlevering av bøker er tillate.
- Butikkar og kjøpesenter må sørgja for at det ikkje er fleire til stades i lokalet enn at det kan haldast to meters avstand.
- På kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad skal munnbind/ansiktsmaske brukast når det ikkje går an å halda éin meters avstand.
- Skjenke- og serveringsstader må stengja seinast kl. 22.00.
- Det er påbode med heimekontor for alle som kan ha det. Arbeidsgjevar er ansvarleg for å vurdera om det er mogleg å utføra arbeidet heime.
For fullstendige reglar sjå www.samnanger.kommune.no