Dagstyrhytte RGB

No er det avgjort kvar dagsturhytta skal plasserast

Med stort fleirtal vedtok kommunestyret i går at dagsturhytta skal byggjast ved Kvernesvatnet. Men det vert ikkje løyvd pengar til å utbetra Prestavegen.

Då saka var oppe 16. september, vedtok politikarane å opna for nye plasseringsalternativ. Til møtet denne veka var det kome forslag frå seks innsendarar. I tillegg til Kvernesvatnet og Totræna, som låg inne frå før, kom dei med ti ulike framlegg til tomteval:

  • Kommunal leikeplass i Bjørkhaugen
  • Åsen
  • Skinstø
  • Nær skytebana på Tysse
  • Fossåsen
  • Ved Smådalsvatnet
  • I nærleiken av Fitjavatnet
  • I nærleiken av Fossen Bratte
  • I området ved Malkestølen
  • Flesjane

Av desse var det berre Fitjavatnet, Malkestølen og Flesjane som vart trekte inn i debatten i kommunestyret. Men det meste av argumentasjonen gjekk mellom Totræna og Kvernesmarka.

Admininstrasjonen heldt fast på forslaget om Kvernesvatnet, slik dei har gjort heile tida. Men denne gongen hadde dei teke ut den omstridde opprustinga av Prestavegen. Heller ikkje toalettløysing var med. Dermed stod ein berre att med sjølve hytta og naudsynt grunnarbeid. Kostnaden er kalkulert til ca. 1,1 million kroner. Av dette utgjer kommunen sin eigendel 167.000.

Under avrøystinga gjekk sju representantar inn for at dagsturhytta skal plasserast i Totræna-området, medan 14 gjekk for Flesjane/Kvernesvatnet. Under den endelege avrøystinga fekk Kvernesvatnet stort fleirtal.

Les e-avisa Bestill abonnement