Partane i busstreiken vart samde om ein ny avtale i dag tidleg, etter å ha forhandla heile natta. Det er venta at dei første bussane er i gang frå klokka 12, melder Yrkestrafikkforbundet i ei pressemelding. Til bt.no opplyser ruteselskapet Skyss at det kan ta noko tid å få alle bussane i normal drift, men at dei håpar rushtrafikken i ettermiddag vil gå som vanleg. Streiken har pågått i elleve dagar, men Samnanger og dei andre kommunane i Vestland fylke vart først ramma etter at arbeidstakarorganisasjonane utvida konflikten i helga.