Til hausten startar for alvor førebuinga av kommunen si nye barnevernsteneste. Meir samarbeid med andre instansar som arbeider med born, slik som PPT, legekontoret og kommunepsykologen, er noko av det ein vil leggja vekt på i den nye tenesta, opplyser varaordførar Øyvind Røen. Av andre tiltak trekkjer han fram fleire praktiske hjelpetiltak i heimen til vanskelegstelte born og familiar. – Me burde også utnytta frivillige krefter i kommunen, slik som gjennom frivilligsentralen, seier Røen.