13.juli sende rådmannen e-post til ordførar Knut Harald Frøland der ho sa opp stillinga si og ba om å få gå av snarast mogeleg.
– Det er krevjande å sitja i ei slik leiarstilling. Du må vera 200 prosent på heile tida. Dette måtte eg vega opp mot helsesituasjonen min. Svaret vart at nok er nok, fortel Charlotte Hageberg.