martin haugen til nettsida RBG

Tok eit oppgjer med den politiske debatten

Martin Haugen (Bygdalista) reagerer sterkt på måten lokalpolitikarar og andre ordlegg seg i debattforum på nettet.

Det har vore stor aktivitet i Facebookgruppa «For samningar: Ope politisk forum» dei to siste månadene. Barnevernssaka har skapt enormt engasjement, og både politikarar og innbyggjarar elles har kasta seg over tastaturet. Men ikkje alle er like imponerte over debattnivået. På kommunestyremøtet sist torsdag tok Martin Haugen eit oppgjer med det han meiner er ein ukultur. Han minna om det rådmannen sa i formannskapsmøtet i februar: «Skal me stå som eigen kommune, er me nøydde til å tenkja før me skriv, og me må gjera noko med korleis me snakar om og til kvarandre. Det som blir skrive, vert ståande, og det gjer noko med folk».

– Det same har me høyrt gjennom folkevaldopplæringa. Men etter førre kommunestyremøte såg det ut til at det var mange av dei folkevalde som ikkje hadde teke til seg denne lærdomen, sa Martin Haugen.

Les e-avisa Bestill abonnement