Stort fleirtal for å gå vidare med barnevernssaka

Med 13 mot 8 røyster vedtok Samnanger kommunestyre i dag å be om utgreiing av grunnlaget for å gå til erstatningssak mot tidlegare barnevernsleiar.

Både Bygdalista og Miljøpartiet Dei Grøne delte seg i saka. Som i formannskapet understreka Øyvind Strømmen (MDG) at han meinte det var for tidleg å peika ut kven som skal saksøkjast før det er gjort ein grundig gjennomgang av sakskomplekset. Partikollega Oskar Røen støtta på si side fleirtalet, som gjekk inn for at det «med grunnlag i tilgjengeleg dokumentasjon, særleg granskingsrapport utført av advokatane Thea Totland og Geir Kjell Andersland, skal førebuast underlag for stemning med krav om erstatning (regress) i sak 2 i granskingsrapporten. Den eventuelle stemninga gjeld tidlegare barnevernsleiar i Samnanger kommune – og fylkesnemnda og tingretten som har handsama sak 2».

Utgreiinga skal vera klar til formannskapsmøtet 3. september 2020, og det vart løyvd 300.000 kroner til arbeidet.

Av dei åtte representantane til Bygdalista røysta Martin Haugen og Øyvind Steinsland med mindretalet. Frp, Sp og KrF gjekk alle inn for å ta saka vidare.

(Biletet er teke under avrøystinga. Dei som står, gjekk imot å førebu søksmål).

Les e-avisa Bestill abonnement