Politiet trur det vert ekstra mykje trafikk på vegane i sommar, og kjem til å ha hyppige kontrollar. Den siste veka har 31 sjåførar vorte bøtlagde for å ha køyrt for fort i Samnanger. Høgaste fart vart målt til 122 km/t i 80-sona i Hisdalen. Føraren vart fråteken sertifikatet.
Biletet er frå UP sin kontroll i Eikedalen laurdag. (Foto: Inge Aasgaard)