Til nett Kommunestyret 5.mars-2020 RGB

Ikkje plass til publikum under kommunestyremøte

Som følgje av smitteverntiltak vert det ikkje plass til publikum i møterommet på biblioteket komande torsdag, 11. juni, melder kommunen på nettsida si.

Kommunestyremøtet vert overført direkte på internett, og alle som ønskjer det kan følgja debatten der.

Møtet vert halde i det store møterommet på biblioteket. Vanlegvis er det plass til ein del publikum der, men på grunn av smitteverntiltak i samband med koronavirusutbrotet må politikarane sitja med langt større avstand enn normalt. Dette gjer at det ikkje vert plass til publikum.

Biblioteket vil også halda stengt denne dagen.

Lenke til direkteoverføringa på internett vil verta lagt ut på kommunen si heimeside på kvelden onsdag. Møtet startar torsdag kl. 09.

Det er venta stor interesse for dette møtet, sidan kommunestyret vil avgjera om dei skal be Advokatfirmaet Elden vurdera erstatningskrav mot tidlegare barnevernsleiar og andre instansar som har vore involverte i dei granska barnevernssakene.

Les e-avisa Bestill abonnement