Fylkesmannen vil vita om personvernet og teieplikta er godt nok ivaretekne til at den nye barnevernsrapporten kan liggja tilgjengeleg på kommunen si nettside. Tysdag svara advokat John Christian Elden, saman med granskarane Geir Kjell Andersland (biletet) og Thea Totland, at barnevernssakene er så godt kjende i Samnanger at full anonymisering ikkje vil vera mogeleg utan å unnta rapporten frå offentleg innsyn. Dét nektar kommunen, fordi dei granska familiane ønskjer at resultatet skal verta kjent.