Koronakrisa betyr stillstand og tapte inntekter for fleire frivillige lag og organisasjonar. – Det må berre gå sin gang, men dette er ein katastrofe for oss med tanke på tilskipingar og utleige av grendahuset, seier leiar i Nordbygda ungdomslag, Tone Tysseland Holmefjord.