Kontrollutvalet har engasjert revisjonsfirmaet Deloitte AS til å undersøkja ei varslingssak om arbeidstilhøve i Samnanger kommune. Granskinga skal vera sluttført i midten av mai. Det er ikkje offentleg kjent kva varselet gjeld, eller kven som er omfatta av det, men etter det Samningen kjenner til dreier det seg om tilhøve innan oppvekstsektoren.