Tiltaka mot koronaviruset har ramma mange verksemder og innbyggjarar også i Samnanger. På to veker har arbeidsløysa lokalt auka frå 1,7 til 11,2 prosent. Dei fleste er tilsette som har vorte permitterte, andre er oppsagde og nokre er næringsdrivande som har mist inntektene sine. Magne Djuvik hos Nav Samnanger trur det kan ta lenger tid enn vanleg å få svar på søknader om dagpengar sidan etaten no druknar i saker.