– Innbyggjarar som får luftvegssymptom og lurer på om det kan dreia seg om koronaviruset, må ta kontakt med helsetunet på telefon. Dei skal ikkje sitja på venterommet i lag med andre pasientar, seier kommuneoverlege Harald Ramm Salbu. Tysdag sette Samnanger kommune krisestab for å handtera utfordringane knytte til virussituasjonen.