Frå i dag kl. 18.00 og to veker framover skal alle kultur- og idrettsarrangement avlysast. Dette er eitt av mange påbod regjeringa no kjem med i kampen mot koronaviruset.
Stenginga av barnehagar og skular, som Samnanger kommune sette i verk i dag tidleg, skal no gjennomførast over heile landet. Men kommunane må sørgja for at viktige samfunnsfunksjonar vert ivaretekne. Frisørsalongar, hudpleiesalongar, treningssenter og liknande må óg halda stengt. Folk vert oppfordra til å unngå offentleg transport og stader der det er fare for å koma nær andre personar. Heile lista finn du på helsedirektoratet.no
Samnanger kommune har oppretta eit eige telefonnummer til legekontoret for pasientar som mistenkjer koronasmitte: 488 93 212. Telefonen er betjent mellom klokka 08.00 og 15.30. For generelle spørsmål om koronavirus-utbrotet kan du ringja den nasjonale informasjonstelefonen: 815 55 015.
– Dette er ein felles dugnad som må til for at me skal kunna få tilbake ein normal situasjon så fort som mogeleg, seier ordførar Knut Harald Frøland.
– Folk må tenkja at det er naudsynte tiltak som det er viktig å gjennomføra.
(Illustrasjonsbilete av Tysse & Nordbygda musikklag, arkivfoto)