haga kyrkje til nett

Avlyser kyrkjejubileum på grunn av virusfrykt

Endra 13.03.2020 kl. 16.50

– No når heile bygda er i kriseberedskap, kan me ikkje jubilera, seier kyrkjeverje Britt Haukanes til Samningen. 25-årsjubileet for kyrkja på Haga vert mest sannsynleg utsett til hausten.

– Etter vedtak i kyrkja sine sentrale organ er også  gudstenesta på søndag kl. 11.00 avlyst, opplyser ho.

Tiltak ved gravferder
Førebels skal gravferder haldast som normalt. Men folk vert oppmoda om ikkje å handhelsa eller gje klemmar og å halda avstand.
– Så lenge det er under hundre deltakar i kyrkja på Ådland, kan folk sitja spreidd. Det som kan verta naudsynt, er å halda private seremoniar med avgrensa tal på deltakarar. Alternativ som kremering, der ein utset seremonien til urna skal setjast ned, kan også vera ei løysing om det er dødsfall i ein smitta familie. Urner kan oppbevarast i bårehuset til virusepedemien er over, og sermonien kan haldast då, opplyser kyrkjeverja.
– Soknerådet vil diskutera dette, og me ventar også på meir beskjed frå kyrkja sentralt. I Bjørgvin bispedøme har dei sett ned eit kriseteam som kjem med retningsliner til alle kyrkjelydane, seier Britt Haukanes.

Les e-avisa Bestill abonnement