Tusenvis av menneske er stua saman i flyktningleiren Vial på den greske ferieøya Chios. Ida Johanne Aadland (21) frå Samnanger er mellom dei frivillige som driv hjelpearbeid i leiren. «Have a pleasant stay, sa dei til meg då eg landa på flyplassen for fleire veker sidan. Same dag drukna åtte ungar og tre vaksne på veg over til øya», skriv ho i eit gripande reisebrev i Samningen.